Loading Events
:
29.11 2017 - 29.11 2017

Lansering av boka Mellom himmel og fjord. SJÅ!

VELKOMEN til ei hyggjeleg stund med omtale av boka og kunstprosjektet!

Onsdag 29. nov kl18.00

Harding Puls har saman med SKALD forlag laga ei praktbok om alle kunstverka som vart skapt utandørs langs vegen til Mælen i Herand, på museumsområde på Utne, ned til brua på Bu og i Norheimsund i 2014 til 2016.

Det er fyrste gong det er laga bok som viser samtidskunst ute i det hardangerske landskapet, – dette landskapet som gjennom nasjonalromantikken vart eit ikon for den norske identiteten. I kunstprosjektet, med same tittel som boka, inviterte Harding Puls kunstnarar frå heile Norden til Hardanger. Inspirert av naturen og kulturen, men og av globale hendingar skapte dei sine kunstverk her saman med kunstnarane i Hardanger.

Boka vert lansert og presentert :
Fredag 24. nov kl. 19.30 på Hardanger Folkemuseum, Utne.
Laurdag 25. nov kl. 15.00 på Litteraturhuset i Odda
Sundag 26. nov kl. 14.00 på Kabuso i Øystese.
Onsdag 29. nov kl. 18.00 på KRAFT i Bergen
Sundag 3. des kl. 14 på Hardanger Kulturgalleri på Mælen i Herand

Kvart kunstverk, i alt 55 stk, er presentert med to oppslag med unntak av nokre få som har fått eitt oppslag. Den kjende fotografen Oddleiv Apneseth står for dei fleste av fotografia.

I tillegg til alle dei flotte fotoa av kunstverka har kunsthistorikar Synnøve Marie Vik skrive ein interessant artikkel der ho mellom anna dreg linjer til Hardanger som ikon i najonslromatikken. Kjell-Erik Ruud har skrive om eit verk som ikkje vart realisert. Den entusiastiske journalisten i Hardanger Folkeblad, Mette Bleken, har skrive frie assosiasjonar og tankar til kunstverka. Simone Hooymans har vore designar for boka.