Loading Events
:
5.05 2014 - 8.06 2014

Skilnad og gjentaking

Ny utstilling hver uke

I dagens kunsthandverk finst det ei spenning mellom det å laga eineståande og unike arbeid, der det å skilja seg ut frå alt anna er den sentrale verdien, og det å tenkja og arbeida serielt, der repetisjon er ein positiv verdi. Det er denne spenninga eller motsetninga utstillinga Skilnad og gjentaking undersøkjer.

Utstillinga er tenkt som fire, ulike samtalar og kvar samtale varer ei veke. Det inneber at verka i utstillinga blir skifta ut kvar veke, slik at det i alt blir fire, ulike mønstringar. Sjølv om eksempla er henta frå internasjonal smykkekunst, så er det forutan smykke tatt i bruk også andre media som f. eks. video og plakat.

Veke 1: 9.–16. mai: I smykkekunsten er det vanleg å tala om autor-smykke. Omgrepet er henta frå filmindustrien der autoren er ein som har full kunstnarleg kontroll over arbeidet sitt og som oftast har ein tydeleg, personleg stil. I denne samtalen blir vi presentert for arbeid som både er unike og signert av ein autor samstundes som dei er resultatet av programmatiske, vanemessige og tidvis tvangsmessige handlingar. Kunstnarar: Monika Brugger, Alexandra Hopp, Kerianne Rask og Manon van Kouswijk.

Veke 2: 17.–23. mai: Denne samtalen handlar om trofé og statusmarkørar, men desse blir diskvalifiserte som nettopp dét gjennom kunstnarlege grep som imitasjon, overdriving og masseopplag. Kunstnarar: David Bielander, Felix Lindner og Gisbert Stach.

Veke 3: 24.–30. mai: Nøkkelordet er denne gongen repetisjonar – eller meir presist, variasjonar. Ein arketype, eit par lepper, tener som bakteppe, og mot dette faldar det seg ut ei historie om endring, innovasjon, og feil. Kunstnarar: Anonym (frå samlinga Keller), David Bielander, Alexander Blank, Sungho Cho, Warwick Freeman, Lauren Kalman og Manon van Kouswijk.

Veke 4: 31. mai–8. juni: Dei unseelege gjenstandane som er samla her, hentar sin magre individualitet og kraftige nærvær frå den store (nokre gonger enorme) serien dei er henta frå. Kunstnarar: Sofie Broons, Richard Elenbaas, Suska Mackert og Hans Stofer.

Utstillingen er kuratert av Benjamin Lignel.

Om kuratoren:
Benjamin Lignel (f. 1972) er utdanna både kunsthistorikar og designar, og det er særleg innanfor internasjonal smykkekunst han har etablert seg som eit sentralt namn både som kunstnar og skribent. Han er i dag redaktør av nettforumet Art Jewelry Forum. Han bur i Montreuil, Frankrike.

 

In today’s crafts there is a tension between making outstanding and unique works, where standing out from everything else is the central value, and thinking and working serially, where repetition is a positive value. It is this tension the exhibition Skilnad og gjentaking [Difference and repetition] investigates.

The exhibition has been conceivedas four different conversations, all lasting one week. This involves the works in the exhibition being replaced every week, creating four different constellationsall in all. Even though examples are taken from international jewellery art, there are also other mediums in use, such as video and poster.

Week 1: 9th -16th May: In jewellery art it is common to talk about ‘author-jewellery’. The term is taken from the film industry where the author is the one who has complete artistic control over the work and who usually has a clear, personal style. In this conversation we are presented with works that are both unique and signed by an author, and at the same time are the result of programmatic, habitual, and at times obsessive actions. Artists: Monika Brugger, Alexandra Hopp, Kerianne Rask, and Manon van Kouswijk.

Week 2: 17th – 23rd May: This conversation is about trophies and status markers, but are disqualified as such things through artistic measures like imitation, exaggeration, and mass circulation. Artists: David Bielander, Felix Lindner, and Gisbert Stach.

Week 3: 24th – 30th May: The key word this time is ‘repetitions’ – or, more precisely, ‘variations’. An archetype – a pair of lips – serves as a backdrop against which a story of change, innovation, and mistakes unfolds. Artists: Anonymous (from the Keller Collection), David Bielander, Alexander Blank, Sungho Cho, Warwick Freeman, Lauren Kalman, and Manon van Kouswijk.

Week 4: 31st May – 8th June: The modest things collected here get their meagre individuality and strong presence from the big (and sometimes enormous) series they are taken from. Artists: Sofie Broons, Richard Elenbaas, Suska Mackert, and Hans Stofer.

The exhbition is curated by Benjamin Lignel.

About the curator:
Benjamin Lignel (b. 1972) is educated as both an art historian and designer, and it is especially within international jewellery art that he has established himself as a central name both as an artist and writer. Today, he is editor of the online forum Art Jewelry Forum. He lives in Montreuil, France.

nr.9-2roberts-08David-BielanderIMG_7681_web