9. NOVEMBER – 22. DESEMBER 2018

GALLERIET
PETRA DALSTRÖM 

Materialenes egenskaper er utgangspunktet for Petra Dalströms prosess; lysets brytning gjennom glass, duften av smeltende voks, leire som oppløses i vann; absorberes, knitrer, og synker ned. Hun bruker ofte lavteknologiske metoder for å skape bevegelse i sine verk, og de seneste årene har hun fordypet seg i tematikker som tyngdekraft, tid og lys – fundamentale fenomener som påvirker hvordan materialene oppfører seg. Hvilken funksjon og hvilken form de får.

Petra Dalström er en svensk født kunstner som arbeider mellom Danmark og Norge. Hun er utdannet keramiker fra KADK Designskolen Bornholm, og har blant annet hatt utstilling på Tag Team Studio, Trøndelagsutstilingen, Mindcraft i Milano og Kunstnernes Efterårsudstilling i København.

HVELVET
NINA BANG LARSEN
SAMLAREN

Nina Bang Larsen arbeider med tekstil som hovudmateriale og med det produserer ho  stadspesifikke installasjonar sett saman av skulptur, måleri, video og foto. I atelieret hennar er det eit kaos av oppsamla materiale, tankar og idear, ein stad der slump og innfall får regjere. I dette kaoset oppstår det surrealistiske historier Bang Larsen ikkje kjenner særleg kontroll over, og heller ikkje forstår, men som ho likevel bringer fram med stor tiltru og presisjon. Det tvitydige går som ein raud tråd gjennom arbeida hennar og er med på å opna opp for mange uventa assosiasjonar og tolkingar i møte med publikum. Med ein forførande estetikk lokkar Bang Larsen besøkande inn i utstillinga, der dei kan spinna vidare på kjenslene og stemningane arbeida bringer fram i den enkelte.  Installasjonen ”Samlaren” er spesifikt laga for Hvelvet.

Nina Bang Larsen (f. 1981) bur i Bergen og har master frå Kunsthøgskolen i Bergen. Etter enda utdanning har ho produsert mange ulike separatutstillingar; Oppland Kunstsenter (2018), Studio 17 (2017), Vestfold Kunstsenter (2015), Prosjektrom Normanns (2014), Kunstmuseet NordTrøndelag (2014), Soft Galleri (2012). 

www.ninabanglarsen.no